
Jacob Johansen Heieråsvald,(f. 14/6 1843, d. 21/3 1890 [89?]) og
Kristine Pauline Karsteinsdtr.
(f. 1848, d. 19/11 1895).
Mine oldeforeldre på min mormors side.
Altså Klara Øvrums foreldre.
Har ikke bilde av Jacob....
HER VIL JEG FORSØKE Å PRESENTERE LITT OM SLEKTNINGER OG LOKALHISTORISKE HENDELSER SOM HAR INTERESSE FOR FAMILIEN
John Nelius Andersen Tiller (f. 31/12-1859, d. 10/10 1901) og kona Ingeborg Anna Kleven (f. 25/2 1863, d. 1931) sammen med barna Elen, (f. 21/8 1884), Ida (f. 16/9 1886), Ludvig (f. 15/2 1890, d. 1962), og Alfred (f. 1/12 1895, d. 1969). John Nelius og Ingeborg Anna er mine oldeforeldre på min farfars side. Ludvig er med andre ord min farfar.

Dei fem skolegutane
Tone: Eg såg ein ungdom på blomevang.
Fem gutar skulle til skolen gå,
dei var så glade, ja alle då.
Dei kunne leksa og lo og sprang,
men kom då aldri på skolen fram.
Dei venta til dei då alle var
og så på vegen med deim det bar.
Det sist eg såg av dei stakkars fem,
sprang to, og tri stod og venta dem.
Eit stykk' frå heimen ein kasse var
som over elva oss alle bar.
Der skull' dei over dei arme små,
men snart dei alle i elva låg.
Å vera med deim me ikkje trong,
det hadde gått bra så mang ein gong.
Men komen halvveges ut frå land,
gav det eit rykk, og kabel'n sprang.
Dei ropt på far og dei skreik på mor,
dei jamra: Hjelp meg! Alle i kor.
Men snart så tagna då jammer'n av,
dei på ei lengere reis seg gav.
Det var 'kje nokon som reddast kunn,
og difor fekk dei sin siste blund.
For elva går her så stri og svart,
og borte vart dei då i ein fart.
Ein jammer vart det på far og mor,
og syster med og den kjære bror:
da ned åt elva med alle bar,
og såg at borna dei borte var.
Ja, saman skulle dei borna ver,
og likeeins måtte dei og gjer.
Og difor fekk dei då fylgjes ut
på vegen heim til vår kjære Gud.
Den dagen gløymer eg aldri av,
nei, fyrr eg leggjes ned i min grav.
Då dei ropt: Borna i elva er!
Eg mista den gang ein bror så kjær.
Ja, hugs på det, både mann og møy,
for oss dei alle små måtte døy.
For denne kassen me ofte trong,
me hadde dotte ned ein annan gong.
Hos Jesus er no dei stakkars små,
som saman skulle på skolen gå.
I himlen står dei fem på rad.
Der skal vi møte deim frisk og glad.
Eit syrgjebod var det alle fekk,
då slik med borna i kassen gjekk.
Ein sorgfull tid vart det denne gong,
med gråt og jammer all dagen lang.
Av Ingvar Helmo, bror til Ingolf Helmo,
som var ein av gutane.